Forsvarsbygg arrangerer samrådsmøter

FB logo
INVITASJON TIL SAMRÅDSMØTER I SAMBAND  MED PLANLEGGING AV ØRLAND FLYSTASJON
I samband med samråd i planarbeidet, inviterast det til møter kor det vil bli
orientert om arbeidet. Tema for samrådsmøtene vil vere knytt til dei foreløpige
temarapportane som er grunnlaget for konsekvensutreiinga. Dei foreløpige
temarapportane vil bli lagt ut på internettsida til Forsvarsbygg kampflybase
www.forsvarsbygg.no i samband med møtene.
Møta blir arrangert av Ørland kommune, Luftforsvaret ved 138. Luftving og
Forsvarsbygg. Representantar frå desse vil orientere og vere tilgjengelege for
spørsmål.

Hårberg
For innbyggjarar i Hårberg krets blir møtet halde måndag 23. september kl.
1930-2130 i Ørland kultursenter.
Uthaug
For innbyggjarar i Uthaug krets blir møtet halde tysdag 24. september kl. 1700-
1900 på gamle Uthaug skule.
Grande-Garten
For innbyggjarar i Grande-Garten krets blir møtet halde tysdag 24. september
kl. 1930-2130 i Bakkeli aktivitetssenter (gamle Grande skule)
Open dag
Onsdag 25. september mellom kl. 0900 og 1800 er det open dag. Representantar
frå Ørland kommune, Luftforsvaret ved 138. Luftving og Forsvarsbygg
vil vere til stades i Ørland kultursenter for å svare på spørsmål frå kommunens
innbyggjarar knytt til planarbeidet.
Vel møtt!