Fritidsboliger får støytiltak

 

Forsvarsbygg melder om at Kommunal og moderniseringsdepartementet har konkludert i saken om fritidsboliger og støytiltak. Konklusjonen er at også disse boligene har krav på tiltak. Dette fremgår av en pressemelding fra Forsvarsbygg som vi gjengir her.  Støygruppa er fornøyd med at det endelig kom en avklaring og at også eiere av fritidsboliger nå har krav på tiltak. 

Pressemelding fra Forsvarsbygg 19.12.18:

Forsvarsbygg har i oppdraget med å byggje ut Ørland flystasjon ansvar for å teke hand om eigedommar utanfor flystasjonen. Vi arbeider etter vedteke reguleringsfråsegner for Ørland flystasjon og har tilbode alle bustader i gul støysone synfaring for støyreduserande tiltak.

I utgangspunktet har fritidsbustader ikkje vert omfatta i reguleringsfråsegnene som bygg som skal vurderast støytiltak. Ørland kommune har på si side tolka fråsegnene slik at fritidsbustader skal vurderast for tiltak. Forsvarsbygg føretok ein ekstra gjennomgang av både reguleringsplan, retningslinjer og statleg praksis i for eit år tilbakeog konkluderte med utgangspunktet ominga støytiltak på fritidsbustader.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no hatt tolkinga av avgjerda opp til vurdering.

Innandørs lydnivå òg for fritidsbustader

KMD konkluderer med at fritidsbustader rundt flystasjonen vil ha krav på støyisolerande tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til ordlyden i reguleringsfråsegnene og meiner at kravet til innandørs lydnivå omfattar både bustader, fritidsbustader og annan busetnad med støysensitivt nytteføremål. Dette er i tråd med oppfatninga til kommunen.

Lydklasse C eller D

Når det gjeld om det skal gjennomførast tiltak på fritidsbustader som sikrar lydklasse C eller D skriv KMD at dette er avhengig av bygningstekniske tilhøve og eit forsvarleg kost nytte-tilhøve. Forsvarsbygg vil kontakta kommunen for å avklara nærare detaljar.

Positivt med avgjerd

– Det er positivt at det har kome ei endeleg avgjerd i saka, då det har vore mange som har venta på ein avklaring. Vi er òg glade på vegne av eigarane av aktuelle fritidsbustader. Vi må no sjå nærare på avgjerda og ynskjer å gå raskt i gang for å oppfylla reguleringsfråsegnene, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen, men understrekar òg at det kan ta tid å koma i gang, då dette er første gong det skal gjennomførast kost/nytte-vurderingar for fritidsbustader.