Forfatterarkiv: Støygruppa Ørland

Fylkesmannen godkjenner fradeling – melder Forsvarsbygg

Vi gjengir her en melding fra Forsvarsbygg sine nettsider om våningshus i rød sone: 

I samband med oppdraget om å vidareutvikla Ørland flystasjon skal Forsvarsbygg tilby innløysing av alle bustadar innan raud støysone. Total 176 bustader får tilbod om frivillig innløysing og av desse er 33 grunneigarar med våningshus og eventuelt kårbustad på gardsbruk.

Frådeling av verna våningshus

I forhandlingane som har vore i gang for landbrukseigedomar på Ørland har «frådeling» vore eit tema for diskusjon. I «frådeling» ligg at Forsvarsbygg må eiga grunnen som bustaden står på for å oppnå tilstrekkeleg råderett over bygningen og dermed kunne oppfylla reguleringsplanen for Ørland flystasjon. Dette inneber å frådele våningshuset frå resten av eigedomen.

Frådeling gjeld berre verna våningshus og andre bustader, eksempelvis kårbustader.

Klaga på vedtak om avslag på frådeling

Ørland kommune som planstyresmakt handsamar søknad om frådeling i kvar enkelt sak.
Etter første runde av forhandlingar med grunneigarar på gardsbruk sende vi våren 2018 første søknad om dispensasjon for frådeling til kommunen.

30. august vedtok kommunen å avslå søknaden til Forsvarsbygg. Forsvarsbygg valde å klaga på dette vedtaket til Fylkesmannen.

Innvilgar dispensasjonssøknaden

Fylkesmannen har no handsama klaga og Fylkesmannen har vedteke å gjere om vedtaket til kommunen. Fylkesmannen innvilgar dispensasjonssøknaden på vilkår. Vilkåret er at våningshuset ikkje kan nyttast til bustadsføremål og/eller bebuast.

Positivt med ei avgjerd

– Det er godt at vi no har fått ei avgjerd i saka. Dei som er råka har venta lengje og for dei som har avgjort å selja er avgjerda eit viktig skritt på vegen. Vi håpar på ein god dialog med kommunen i det vidare arbeidet, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen

Fritidsboliger får støytiltak

 

Forsvarsbygg melder om at Kommunal og moderniseringsdepartementet har konkludert i saken om fritidsboliger og støytiltak. Konklusjonen er at også disse boligene har krav på tiltak. Dette fremgår av en pressemelding fra Forsvarsbygg som vi gjengir her.  Støygruppa er fornøyd med at det endelig kom en avklaring og at også eiere av fritidsboliger nå har krav på tiltak.  Les videre

Forsvarsbygg svarer på kritikken – gårdeier gir tilsvar til Forsvarsbygg.

I etterkant av siste ukes medieoppslag om landbruket på Ørlandet går debatten videre som leserinnlegg i avisene.  Plan og Eiendomsjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen har skrevet dette leserinnlegget i Adresseavisen den 4 desember 2018. Dagen etter svarer en av familiene som er berørt. Aid Grande  har skrevet et tilsvar til Pedersens leserinnlegg. Vi gjengir begge innleggene her på våre nettsider.  Først Forsvarsbygg så Aid Grande

Les videre